Søndag 22 Oktober 2023
Kl. 13:00 - 16:00, Tjøstheimvegen 527, 4121 TAU
Open dag i juletreskogen i Bjørheimsbygd
Me inviterer til open dag i juletrefeltet hjå Olav og Sindre Vadla Ravnås i Bjørheimsbygd.

Er du nysgjerrig på korleis eit juletre blir til? Kor lang tid tar det eigentlig før deikan hoggast, og kva maskiner treng ein?

Bli med oss i Norsk juletreservice på omvisning i juletrefeltet.
Du får sjå og høyre om juletreproduksjon frå små planter til store juletre, kva som skal til for å starte opp, beiting med sau i juletrefelta og maskinparken.

Ta gjerne med deg familie og vener for ein fin dag ute på garden.
Me serverer grillmat, kaker og kaffi.

Me svarer deg gjerne på spørsmål om muligheter i næringa, økonomi oginvesteringar, markedsutsiktar, salgsmetodar og det du måtte lure på.

Program:
13.00: Velkommen og grillmat
13.45: Omvisning i juletrefelt og maskinpark
15.30: Kaffi og drøs
16.00: Vel heim

På grunn av servering ynskjer me påmelding til lena@juletre.net innan 19. oktober.

Adresse til Olav og Sindre er Tjøstheimsvegen 527, 4121 Tau.
Oppmøte ved Glasskjellaren.
Kle deg til ein dag ute med godt skotøy

Arrangør: Norsk juletreservice as med støtte frå Rogaland fylkeskommune.

2024 © Strand frivilligsentral