Gullgutane er Suldal sitt svar på Sølvguttene i Oslo. Eit mannskor som vart starta mest som ein spøk for 26 år sidan på Nesflaten i Suldal kommune. No møtest omlag 35 av bygdene sine beste mannfolk ein gong i veka til øving. Øvingane startar vanlegvis etter at den hardaste reinsjakta er over og held fram til sauelemminga startar. Både erfjordbuar, sandbuar, røldøler, nesbuar og osabuar er med. Veerle Omer Tieghem, kjend mellom anna frå Norge Rundt, er med og spelar, og Nils Bjarne Vold er dirigent og arrangerer det meste av det koret syng.
No er det utvandringa til Amerika som er tema. Suldøler i hopetal reiste i si tid over, og dette syngjespelet følgjer først husmennene heime i Suldal, før me blir med på overfarten til New York. I andre akt er me med dei i det nye landet. Sjølv om det er suldøler denne musikalske reisa handlar om, treng du slett ikkje ha Suldals-blod i årane for å ha glede av framsyninga.
Førestillinga er bygd opp av ei blanding med gamle viser, sjantiar og nyskrivne songar ført i pennen av Ingvar Olimstad og tonesette av dirigent Vold. Koret har til og med funne plass til ein song Bruce Springsteen gjorde svært så populær, Erie Canal song, i norsk språkdrakt.
Utanom dei omlag 35 gullgutane, er damegruppa Osatrall, Åshild Vetrhus og 7 ungar i ulik alder med. Distriktsmusikarane i Ryfylke har ansvar for musikken. Så tilsaman stiller Suldal mann- og kvinnesterke, med ca 60 personar på scenen!
Anne Elisebeth Skogen, forteljar og tidlegare dramalærar ved Suldal kulturskule er regissør.
Kjøp billett her: https://hjelmeland.hoopla.no/event/1793615539 eller i døra