Mandag 23 Februar 2026
Kl. 19:00 - 21:00, Tau kyrkje
Aktivklubben: Harry og de døve i Gåsdalen v/Harry Breiland
Harry Breiland fortel om sin familiebakgrunn og oppvekst i Gåsdalen i Hjelmeland. Besteforeldra hans budde her og fekk 7 born; fødd mellom 1916-1931, der 5 av desse var døve. Han fortel om kva utfordringar som møtte denne familien i ei lita bygd. I tillegg skulle det vise seg at han sjølv, son til ei av dei døve jentene, også kom til å veksa opp i Gåsdalen. Harry fortel om skulegang, livet etter skulen, kva hadde dei å gå til, sosialt nettverk og korleis det hadde seg at han kom til Gåsdalen. Mat, drøs og kveldstankar. Inngang kr. 100,-
2025 © Strand frivilligsentral