Asgeir og Per har brukt heile månaden på å snurra vinyl som om det gjaldt liv og helse. Her er det ikkje snakk om første og beste plate – nei då, her er det finsiling på høgt nivå. Me snakkar topp stemning før nåla i det heile tatt treff plata!
Og Geir Hansen? Joda, han har vore djupt nede i filmarkivet og rota fram ein film som visstnok skal passa oss som hand i hanske. Me tør nesten ikkje anna enn å tru han
Så då er det berre å leggja bort vårkvelden, gløyma litt av finveret og heller koma inn til oss. For på Jørpeland veit me det:
Det beste skjer ofte innandørs – i godt lag!
Vel møtt!
Gratis inngang