Mandag 23 Oktober 2023
Kl. 10:30 - 12:00, Jørpeland kirke
Prosjektkoret Senior
Ukentlig øving i Jørpeland kirke

Måndag 28. august inviterer kulturskulen og dirigenten til første øving for Strands første seniorkor nokosinne.

NRK-programmet «Demenskoret» har ført til at slike kor har dukka opp i fleire kommunar rundt om i Norge.

– Dette er ikkje eit demenskor, for det ville blitt for krevande. Dette er eit seniorkor for ei gruppe som tidlegare ikkje har hatt eit tilbod i kulturskulen, peikar Voster på.

Anne Marie Hus i den nystarta foreininga Seniortreff i Strand ymta frampå til ein av dei andre kulturskulelærarane at det var ønskjeleg med eit kor for godt vaksne i kommunen. Det innspelet tok kulturskulerektor Kurt Lisø tak i.

– Eit slikt seniorkor passar godt saman med betydinga kulturskulerådet og me ønskjer at kulturskulen skal ha gjennom eit heilt livsløp; me vil ha eit tilbod til folk i alle aldrar, seier Lisø.

– Kulturskulerådet har ein visjon for «Fremtidens kulturskole», der momenta heilskapleg oppvekst, livsløpsperspektiv og inkludering kontra utanforskap er viktige. Eit seniorkor passar perfekt for å oppfylla denne visjonen. Mange pensjonistar sit aleine. Med eit kor kan dei få tilbod om ein lågterskelaktivitet der dei kan føla at dei høyrer til. Det handlar jo også om psykisk helse, held han fram.

Nå startar kulturskulen eit prosjektkor fram til jul, og Gunn Hauge Voster er løna av kulturskulen til å vera dirigent for dette.

Ho har som kulturskulelærar vore med å dyrka fram talentet hos mange lokale songarar; deriblant Emilie Adams, Synne Helland, Oda Eidem, Felicia Oseland og Emma Sangholt.

– Mange av dei er elevar hos meg i mange år, nokre heilt opp i 12 år. Då blir du godt kjent med dei. Eg prøver å vera ei støtte for dei, synga og spela saman med dei, seier Voster.

– Det handlar om å gjera dei trygge på seg sjølve i tillegg til å læra dei teknikk, legg ho til.

2024 © Strand frivilligsentral