Søndag 15 Oktober 2023
Kl. 18:00, Torghuset på Jørpeland
Uønska åtferd- Olaug Nilssen i samtale med Judit Sørhus Litlehamar
Kom og høyr Olaug Nilssen, ho skriv om kor krevjande det er for ein familie å ha eit psykisk utviklingshemma barn. Pris kr 100,- Billett kjøpes i døra. Arrangører: Strand Mållag og Ryfylkebiblioteket Strand

Kor går grensa for kva ein skal ofre for eit barn? Katrine er gift med Gunnar, saman har dei barna Jostein og Janne. Sonen er psykisk utviklingshemma, og familielivet er fullstendig dominert av omsorgsbehovet hans. Dottera er oversett, men også utsett då Jostein kjem i puberteten og utagerer seksuelt. 'Uønska åtferd' viser fram kor krevjande det er for ein familie å ta vare på alle når ein har eit barn som treng alt. I kampen for sonen er Katrine i ferd med å miste alt, ekteskapet, forholdet til dottera, men også seg sjølv.

2024 © Strand frivilligsentral